Fotografering har alltid vore min store lidenskap og eg har dei siste åra vore så heldig å få dele dette med andre gjennom fotoutstillingar. I dag fins det mange alternativ og spennande materiale å produsere bilde på. Så langt har eg presentert bilda mine på lerret og har vore veldig fornøgd med det. Eg er spesielt glad i store format med brei rammelist! Ulike overflater gjengir motiv på ulike måtar og eg ønskte derfor å prøve noko nytt på nokre av fotografia mine. I den samanheng testa eg aluminiumsplater frå Foto Knudsen og er svært fornøgd med resultatet.

Aluminiumsplate

Aluminiumsplater er minimalistiske og har eit moderne og eksklusivt uttrykk. Glansen i platene framhevar fargane på ein fantastisk måte. Vidare gir platene skarpe og klare bilde med ein metallisk effekt. Motiv med små detaljer kjem godt fram på aluminiumsplater. Platene er tynne og lette, men solide. Dei fine avrunda hjørnene på platene gir eit mjukt preg til bilda.

Aluminiumsplate

Aluminiumsplater kjem ferdig montert med eit genialt opphengssystem som gjer det enkelt å henge dei opp på veggen. Opphenget er heilt usynleg frå framsida og har ingen gjennomgåande skruar som forstyrrar bilda. Alt du treng er ein enkel skrue eller spiker og så har du bildet hengane stabilt på veggen. Bilda blir hengande ca. 1.5 cm ut frå veggen noko som gir ein fin dybdeeffekt. Eventuelle fingeravtrykk er lette å tørke av.

Aluminiumsplater er flotte alternativ til tradisjonelle bilde bak ramme og glass som eg absolutt kan anbefale. Du kan bestille aluminiumsplate her.

Kommentarer